Når draumehuset blir for dyrt - sats på utleige

Toscana-eksterioer-2017_f5f0cdb0e4cb5201332b57de7b8e5c12.jpg

Å ha utleigeinntekter på huset ditt er ofte den beste måten å finansiere huset på. Tradisjonelt har bustadhus i Sogn ofte hatt utleigedel, spesielt i Sogndal der utleigemarknaden er svært stor.

Og gode leilegheiter og hyblar med god kvalitet til ein fornuftig pris er framleis etterspurd. Bolipartner har dette som eit satsingsområde, og under finn du husa som har utleigedel, men først litt fakta og tips om utleige:

Fakta og viktige tips om utleige:

  • Hvis du nyttar minst halvparten av bustaden du eig til eige bruk, er det skattefritt å leige ut resten. Dette gjeld så lenge verdien av utleigedelen i huset er mindre enn verdien av ditt eige buareal.

  • Utleiga er også skattefri hvis heile eller ein større del av bustaden vert leigd ut for inntil 20 000 kroner i inntektsåret. Det betyr at det er først hvis du leige ut heile eller meir enn halvparten av eigen bustad for over 20.000 kroner i året, at alle leigeinntekter for heile året er skattepliktige. 

  • Ein sjølvstendig bueining må ha eigen inngang, kjøkken/tekjøkken, eitt eller fleire opphaldsrom/soverom, sanitærrom og nødvendige birom/tilleggsrom.

  • I motsetning til ein sjølvstendig bueining er hybel ein del av den primære bueininga, og deler som regler funksjonar som kjøkken og sanitærrom.

  • Byggteknisk forskrift (TEK) krev blant anna at kvar brukseining skal utgjere eiga branncelle. Det vert også stilt krav til lydisolasjon mellom dei einskilde bueiningane.

(Kjelde: Skatteetaten, SINTEF Byggforsk)

Boligpartner-hus med  utleigedel

AktueltGasta Design