Kundetilpassa Bjørkli i Gaupne

Med god margin til julefeiringa, fekk Tommy Uglum og Ingunn Stegegjerde flytta inn i sitt nye og steikande flotte Bjørkli-hus, på Verket i Gaupne. Tommy fekk smarthuset han ynskja seg, og Ingunn fekk den planløysinga ho har lengte etter i fleire år. Her har dei skapt seg ein god og praktisk heim for heile familien, og framtida. Me sende over nokre spørsmål, og ikkje lenger etter fekk me att svar. God lesnad!


Bjørkli Spesial i julestemning…

Kvifor ynskja de byggje nytt?

Me hadde ynskje om å få oss ein einebustad nokre år, og har vore ein del på visningar. “Kravstore” som me er, so fann me aldri noko som me verkeleg hadde lyst på, utan at det ville medført mykje eigeninnsats og omfattande oppussing. Då ledige tomter vart lyst ut i Gaupne, so var me snare med å melde vår interesse.


Ganske tøff dusjnisje, i eit elles veldig stilig bad i 2.etg

Ganske tøff dusjnisje, i eit elles veldig stilig bad i 2.etg

Kvifor fall valet av husleverandør på akkurat Sognehus?

Når me først var so heldige at me vann loddtrekninga på hustomta som me ynskja oss, oppsøkte me jungelen av tilbydarar. I første rekkje var det dei lokale tilbydarane me konsentrerte oss mest om, men dei fleste var inne i bilete på eit eller anna tidspunkt. Det viktigaste å formidle i denne samanheng er at me fekk ei veldig god kjensle då me kom inn på kontoret dykkar. Her kunne me gjere dei endringane me ynskja, gjere so mykje eigeninnsats som me sjølv ville(og orka), samt nytte dei underentreprenørane som me sjølv hadde ynskje om å nytte. Det skada jo heller ikkje at de var særs konkurransedyktige på pris heller, men til slutt var det totalpakka og magefølelsen som aldri var i tvil om kva me skulle velgje.

Korleis har de opplevd heile prosessen med å byggje nytt hus?

Huset sitt viktigast rom - Kjøkenet!

Huset sitt viktigast rom - Kjøkenet!

Når me skreiv kontrakten med dykk seint i februar 2019, hadde me som mål å vere inne til jul. Men ettersom me fekk litt ekstra ventetid, som følgje av nye krav frå NVE, byrja me me verte litt usikre på om målsetjinga allereie var utanfor rekkevidde. Etterkvart kom godkjenninga, og me såg oss ikkje tilbake. Grunnarbeid og muring vart utført, før grunnmur vart støypt. Det vart ein lang sommar, der me nærast dagleg var borte på tomta og drøymde oss vekk i teikningane. Alt stod klart til snekkarane og huset kom levert på tunet 17.august. Startskotet gjekk, og me augna igjen ein liten sjanse for at me kunne nå målsetjinga vår. Det skal likevel seiast at det var fleire tvilarar, enn dei som trudde på oss, sognehus og snekkarane. Me fekk tidleg god kontakt med snekkarane Arturas og Viktoras, som verkeleg stod på kvar einaste dag. Dei tok arbeidet sitt seriøst, og var alltid hjelpsame! I tillegg oppretta me veldig gode dialogar med både byggjeleiar Åsmund Jordet, røyrleggjar og elektrikaren vår. Me var stort sett tilgjengelege under heile byggjeprosessen, og var tidleg på plassen dersom det var spørsmål som trengde avgjersler. Det var mykje tankar som vart tenkt, evaluert, revurdert, tenkt på nytt igjen, endra, og ja… Me kom i mål, og er særs takksame for at alle involverte viste slikt engasjement og eigarskap til vårt husprosjekt. Me fekk det akkurat slik me ynskja, 14 dagar før avtalt tid, og det kan me alle vere stolte over. Ei byggjetid på i underkant av 4 mnd. er strålande!

Kvifor landa de på hustypen Bjørkli?

Me hadde ynskje om eit nostalgisk hus, som me kunne modernisere litt. Me har ikkje små born lenger, så me kjende på eit behov for mellom 150-170m2 i storleik. Det viktigaste for oss, var å tenkje no-tid og framtid i huset. Difor la me til rette for at me ein vakker dag, kan ta i bruk det som i dag er tv-stova, til vårt soverom. Vidare heva me kneveggane i 2.etg, slik at me fekk mindre skråtak, sette på ein utstikkar, endra midtskipet å huset til å få store pyramideglas, snudde om på veggar og rom innvendig. Me har vel eigentleg flytta på det meste, og bom, der var det…huset vårt!

Korleis har det vore å gjere so mykje eigeninnsats på huset?

Eigeninnsats var viktig for oss på fleire nivå. Det eine var at det drog totalprisen på prosjektet ned. Det andre handla mykje om at Tommy er ein nevenyttig kar, som likar slike oppgåver veldig godt. Han har faktisk over dei siste 10 åra alltid hatt eitt oppussings-prosjekt i året, og intet unntak i år. Heldigvis har me eit utområde som treng litt arbeid, slik at dei neste åra er heldigvis sikra for Tommy:-) Det tredje aspektet er at me flyttar inn i noko me har skapt oss eit eigarskapsforhold til, undervegs i byggjeprosessen. Eigeninnsatsen me tok på oss, var alle overflater i tørre rom i 2.etg. i tillegg krydra me det heile med å bestille og montere kjøkenet vårt, all innvendig maling og golvlegging i heile huset. I saman hadde me 14 dagar på oss med felles eigeninnsats, og alt i 2.etg. vart gjort ferdig på denne tida. Me fekk eit par kviledagar, før kjøken og golvleveransen kom samtidig, og med god hjelp frå vener og familie, so fekk me alt saman på plass. Det var ein hektisk periode, med lite søvn og mange lange timar, men du verden kor kjekt det er å vere i loftsstova, eller på kjøkenet no, og sjå på alt ein har fått til sjølv.

Nøgd med resultatet?

Me er jo veldig nøgde med resultatet. Ingunn har fått planløysinga si, og Tommy har fått smarthuset sitt. Me er allereie godt i gang med planar for uteområdet, so me berre går og ventar på lysare og heitar dagar.

Har de tips til andre som går med tankar om å byggje nytt?

Det å bygge nytt hus, er for mange noko ein berre gjer ein gang i livet. Vårt tips vil difor vere at ein ser på kva stadie ein sjølv er komen til i sitt eige livsløp, og prøve føresjå kva krav/ynskjer som med tida kan dukke opp. Det andre er å tenke på kor mykje plass ein eigentleg har bruk for. Stort er flott, men og mykje ekstra sut i form av vasking, og spesielt den dagen ein tenkjer å pusse opp att. Det tredje tipset vårt, er at ein lyt gjere sitt beste for å visualisere kvart enkelt rom og løysingar på førehand. Det er ei krevjande øving ,når ein ikkje er van med det.

Fekk de julestemning i hus, og trivast de solangt i det nye året?

I det juletrebelysinga vart tent den første dagen i huset (6.desember) kom julestemninga med ein gang. Her blei det feira både jul og nytt år, og me lyt seie oss særs nøgde med at me endeleg har plass til å ta i mot alle i familien på ein god måte, og at me kan ha kontakt med alle på same tid. Ekstra godt var det då julefreden hadde senka seg, og ein kunne slappe av i huset og tenke på at me no har bygd eit hus som er tilpassa våre behov og framtida vår. Huset vart og testa ut med bursdagsfeiring for eldste jenta vår, der 24 vener var samla til feiringa. Det gjekk bra det og, men me trur kanskje at grensa skal ligge der ein stad :-) Tusen takk for eit fantastisk produkt, og ei veldig god erfaring!

AktueltGeir-Erik Røysi