Husdraumen i Borgund

Torbjørn og Marit

Torbjørn og Marit

Familien Kirkevold har bygd draumehuset sitt på familiegarden til Torbjørn i Borgund. Med Borgund Stavkyrkje som næraste nabo, og Kongevegen like bak huset, er det eit aldri så lite historisk sus over plasseringa. Sluttresultatet stod i stil med forventingane dei hadde skapt seg på førehand, og her kan du lese litt om prosessen -  frå draum til ferdig resultat.

Frå tanke, til val av leverandør

For vel to år sidan, byrja dei so smått tankeprosessen om å flytte heim att til Lærdal. Som så mange før dei har tenkt, når born nr. 2 er komen til verda, so er nærleik til opphavet og den næraste familien av stor verdi. Det var og medverkande at fleire jamnaldrande hadde flytta heim, samt det at dei fekk både jobbtilbod og barnehageplass rimeleg fort på plass.

Den opphavelege planen var å renovere og busetje seg i kårhuset på garden. Ettersom dette huset var freda, vart det til slutt fleire utfordringar og spørsmål, enn løysingar og framdrift knytt til dette prosjektet. Det var far til Torbjørn som då kom opp med ideen om at dei kunne byggje nytt i staden, og frøet var dermed sådd. Huskatalogar frå alle moglege tilbydarar vart bestilt, og valet av husleverandør utkrystalliserte seg forholdsvis tidleg. BoligPartner hadde i deira auge dei finaste husa, og dei likte tanken om å kunne bruke ein lokal leverandør, som igjen brukte lokale underleverandørar. I tillegg kjende dei og på ein grunnleggjande tryggleik med valet av BoligPartner som ei kjend, landsdekkjande og veletablert huskjede.

Raumarheim Spesial oppført i Borgund (Lærdal)

Raumarheim Spesial oppført i Borgund (Lærdal)

Val av hustype og prosessen vidare

Torbjørn og Marit hadde klare tankar om kva deira bustad skulle innehalde. Med ynskje om 4 soverom og ei sekundær stove, fann dei fort ut at huset burde ligge på rundt 200 m2. Utgangspunktet vart Raumarheim, som er ein av mest selde husa til BoligPartner. Dette huset hadde på langt nær dei eigenskapane og romløysingane som familien var ute etter. Nokre få endringar på romløysinga frå kataloghuset vart gjort. I 1.etg. plasserte dei kjøkenet på «soverom 5», separerte bad og vaskrom. Vidare laga dei til ein eigen praktisk inngang til vaskerommet(grovinngang), som er praktisk når ein har vore i fjøsen, eller ungane har leika i sølepyttane.

Bustadkonsulenten fekk vidare frie tøylar til å setje saman materialval for huset, og dei løysingane som konsulenten sjølv ville valt, slik at ein kunne danne eit prisgrunnlag for eit nøkkelferdig hus plassert på tomta. «I frå dette utgangspunktet føretok me ein del produktval, basert på pris, kvalitet og råd», fortel Marit. Prosessen gjekk fint og ryddig føre seg, og gjennom tett oppfølgjing landa ein til slutt alle val og løysingar, som danna grunnlaget for draumehuset deira.

Byggjefasen

Ferdig utvendig

Ferdig utvendig

Paret fortel om at det gjekk ei tid før prosjektet verkeleg kom i gang med tanka på at dei måtte ha ein geolograpport som avdekka eventuell risiko for ras i området huset var tenkt plassert. Ettersom rapporten var positiv, gjekk det fint å få godkjend byggjesøknad og vegen låg klar for oppstart grunnarbeid, og klargjering av tomta. Dei første materiallassa dukka etter kvart opp på byggjeplassen i byrjinga av april 2019, og samtidig gjekk startskotet for snikkarane. Prosessen med å reise huset tok ikkje meir enn 2-3 dagar, og dei fortel at den synlege framdrifta var stor den første tida. Huset var tett 28. april og ferdig utvendig 21.juni. I juli var det, som følgje av ferieavvikling, stillstand i prosjektet i ein månad, men i frå august var det full fart att. «Me flytta heim på garden i februar 2019, og det var kjekt å kunne kome seg heim til byggjeprosessen byrja. Me såg det som ein fordel å kunne observere framdrift og vere tilstades i byggjeprosessen. Det dukkar alltid opp spørsmål og situasjonar som ein ikkje har tenkt på, og då er det veldig greitt å kunne vere på plassen for å ta stilling til det som måtte dukke opp», fortel Marit og Torbjørn.

Som avtalt, vart det overtaking av draumehuset den 11.desember, og akkurat tidsnok til at dei kunne skape seg si første jul, sine første juleminner, i sin første nybygde og sjølveigde draumeheim.  

Gode tips til andre

Byggeleiar Åsmund Jordet, saman med Torbjørn og Marit Gjeldsnes Kirkevold

Byggeleiar Åsmund Jordet, saman med Torbjørn og Marit Gjeldsnes Kirkevold

Paret fortel vidare om sine erfaringar, og fortel at: «Det er ei føremon om ein kan klarar tenke så langt ned på detaljnivå som mogleg, i tidleg fase, trass i at det ikkje er noko særskild enkel øving for «ufaglærte». Dette kan påverke moglegheitene til huset seinare, dersom ein klarar å tenkje at tida kanskje medfører endra behov. Prøv å sjå føre deg huset ferdig, så tidleg som mogeleg. Eit anna tips, er at ein bør ha tett kontakt med byggjeleiar gjennom heile byggjeprosessen, slik at ein kan sjå til at alle løysingar vert rett, og samtidig sjå etter ting som ein ikkje har tenkt på og kanskje får til å gjere endringar på».

Paret fortel avslutningsvis at: «Me har berre positve tankar om det å byggje nytt hus. Veldig mange tankar, mykje å setje seg inn i, og mange avgjerder som skal takast…men det er så verd det, når me no sit att resultatet av prosessen. Me har fått huset akkurat slik som me haddde tenkt det skulle verte. No har me ein funksjonell og flott heim, som med tida kan medverke til at me får eit godt liv og mange fine stunder her i Borgund»

Me ynskjer å få gratulere familien Kirkevold med sitt nye flotte hus, og takkar samtidig for oppdraget, samt ein veldig fin og effektiv byggjeprosess i Borgund. Lukke til vidare i nytt hus!

Dersom du ynskjer sjå fleire bileter, klikkar du deg inn på instagramprofilen deira, her:

Planløysingar