Frå Sverige til snøsikre Hodlekve!

Då Solveig og Fredrik bestemde seg for å flytte i frå han sitt heimland Sverige, til hennar heimplass i Noreg (Ytre Sunnfjord), var Fredrik klar med sitt kompromiss om hytte på fjellet. Valet fall på Hodlekve Skisenter, der dei tyngste argumenta var: snøsikre forhold og avstanden til Hellevika i Fjaler.

Me har teke oss ein prat med det svorske paret, for å høyre korleis dette har gått.

Kvifor landa de på BoligPartner/Sognehus?

Kundane fortel at dei hadde ynskje om å bruke ein lokal aktør, som hadde god lokal kjennskap til området og underenreprenørar. Prosessen med å velgje Sognehus var forholdvis kort og grei.

Bukkehø, med flott opparbeida tomt

“Me fekk eit solid inntrykk av Sognehus med ein gong, og den store utfordringa vart etterkvart å velgje mellom so mange flotte hytter. Det var til god hjelp at vi kunne sjå fleire av hyttene som var bygd i Hodlekve, og at me soleis fekk danna oss eit bilete av kva me likte godt sjølv, T.d. la me steinfasaden innandørs, istaden for utandørs, slik originalhytta er”

Korleis har de opplevd heile byggjeprosessen?

Grunna ein lang vintersesong, etterfulgt av ein kort sommarsesong, er ofte “byggje-vindauget” i Hodlekve veldig kort. I prosessen med Fredrik og Solveig, såg Sognehus det som praktisk at ein bygde hytta som element på lageret på Kaupanger, slik at ein sparte inn litt tid. Parallelt med søknadsprosess, grunnarbeid og betongarbeid vart hytteveggane produsert på Kaupanger. Då plata låg klar, kunne hytteveggane kranast ut og monterast, og vere hytta var tett i løpet av nokre få dagar.

“Sognehus har eit veldig godt mannskap, som har gjort ein framifrå jobb med hytta. Tidlig i prosessen kom me fram til at me ynskja byggje ein natursteinsmur i bakkant av hytta. Dette var ein stor ekstrakostnad, men når ein ser sluttresultatet var det veldig verd pengane. Det einaste som stoppa litt opp for vår del, var prosessen rundt byggjeløyvet. Det er viktig å fokus også her. Eller har me under prosessen opplevd at Sognehus er veldig fleksible og løysingsorienterte, og har handverkarar som kan faget sitt”

God storleik på terasse, og eigen garasje.

Kvifor fall valet på Bukkehø?

“Me bur no i eit kataloghus bygd på 80-talet, og der saknar me det å ha ei generøs takhøgd. Dette var noko me mellom anna såg spesifikt etter når me landa på Bukkehø. Etter vårt syn er dette ein “feil “mange hyttebyggjarar gjer, at ein trykker inn så mange soveplassar som mogleg, til tross for at hytta 90% av tida kun vert brukt av èin familie av gangen. Bukkehø har tre fine soverom, som me har møblert med fantastiske norskproduserte senger, og det held i massevis. Hytta har rikeleg med opphaldsplass, og det er der hyttelivet og dei koselege familiestundene skjer. Får me mykje gjester, so har me hemsen og tv-rommet, som fint kan romme ein familie eller to. Bukkehø har også ein utvendig sportsbod og ein mindre innvendig bod som t.d. kan nyttast til sauna eller bod. I vårt tilfelle vart dette ein ekstra WC.”

Er de nøgde med sluttresultatet?

“Veldig! Me er nøgde med val av hytte, og val av lokasjon. Me lengtar oss til hytta heile tiden. Me har ein veldig flink tømrar i familien, og me har fått to tomlar opp av han, so me kjenner heilt klart på at me har fått god valuta for pengane!“

Er de mykje på hytta?

“Nja… Me har pr. i dag to små born, og ei reisetid på ca. 2,5 timar til Hodlekve. Me har bruk hytta mindre enn det me kunne tenkt oss, men dette er eit langsiktig prosjekt, der vår familie og våre vener skal kose seg i mange år framover. Det vert også utruleg interessant å følgje med på den rivande utviklinga som har vore i Hodlekve, og kva som vert Hodlekve om 5-10 år. Me føler det er ei god gruppe med eldsjeler der opp, som legg til rette for mange fine år og opplevingar i Hodlekve framover”

Har de noko tips til andre som vurderar å kaste seg med på leiken i Hodlekve?

“Ja, det har me! Ein bør vere førebudd på å nytte litt tid saman med boligkonsulent/planleggjar, røyrleggjar og elektrikar for å få det akkurat slik ein ynskjer at det skal vere. Ver realistisk med tid og budsjett. Tenk stort, for så å dra prosjektet ned 20% for å lande eit vetigt prosjekt. Ha ein “krigskasse”(ein buffer), klar til uventa kostnader. I vårt tilfelle var dette natursteinsmuren bak hytta. Vidare vil me gjerne få anbefale appstyrte termostatar, slik at hytta er god og varm til me kjem fram. Ei hytte er ei stor investering, og det er lov å stille krav til utbyggjar og fagfolk. Du som kunde skal ha høge krav til det som vert avtalt og levert”

Me ynskjer familien til lukke med ny hytte og mange gode stunder i åra framover!

Sognehus AS takkar so mykje for tilliten og det gode samarbeidet!