Til alle - Takk for tilliten!
2020
2020 har vore eit veldig spesielt år for alle, med tanke på pandemien som har herja. Det vart tidleg gitt dystre spådommar for byggebransjen og det er framleis usikkert korleis dette vil påverke verda og bransjen i framhaldet. Det var med usikkerheit me gjekk inn i nedstenginga i mars, og det vart nokre grublerundar i Fjørevegen 19. Heldigvis, stikk i strid med usikkerheita og spådomar, tikka etterkvart den ein henvendinga etter den andre inn, og farten gjekk fort i frå null til langt over normalen. Spesielt på fritidsbustad-marknaden opplevde me eventyrlege tal. Det var tydlege at dei mange som no plutseleg sat på heimekontor, og ikkje fekk den planlagde utanlandsturen til solkysten på Costa Blanca, byrja å tenke alternativt. Trykket har halde seg jamt etter nedstenginga, og me har hatt rekordmange oppdrag i tida etter.
Heider og ære
Førstelinja vår, snekkarane, er dei som brøytar seg fram til arbeidsplassen i mørkret. Dei som nærast spring seg gjennom heile arbeidsdagen, medan dei løyser og røyser det eine praktbygget etter det andre. Når mørkret hentar dei inn, so tuslar dei seg velfortent heim og førebur seg på ein ny arbeidsdag. Handverket og sluttproduktet som snekkarane etterlet seg, fortel om eit samhald og ei utvikling av enkeltindivid og gruppe, som me er stolte over! Det å vere vitne til arbeidsmoralen og mentaliteten snekkarane utviser, er beundringsverdig og fortenar verkeleg ei markering. Som seg hør og bør, fekk snekkarane med seg alle desse godorda, og nokre gode varme julegåver heimatt før dei tok juleferie.
- Til kvardagsheltane våre -
Tusen hjarteleg takk for ein formidabel innsats og solid handverk gjennom 2020! Arbeidet de legg ned for Sognehus, er heilt rå!!
- Til alle samarbeidspartnarar -
Tusen hjarteleg takk for eit godt samarbeid i 2020!
- Til alle våre kjære kundar -
Tusen hjarteleg takk for tilliten de har vist oss, og lukke til med nytt hus, hytte og fritidsleiligheit!
2021 - Nytt år
Året har starta med tidenes interesse, henvendelsar og kundar som ynskjer utvikle sine prosjekt. Førebels er det altså lite teikn til at marknaden har tenkt å gå vinterdvale, og det er særs høg temperatur på fritidsbustad-segmentet.
Sognehus dreg med seg gode erfaringar frå 2020, ein råsterk optimisme for framtida og ein særs viktig gjeng i førstelinja. Saman skal me ut på nye eventyr, og realisere mange hus og hyttedraumar i 2021.
Går du rundt å drøymer?
Me gjer vårt beste kvar dag for at dei som tek kontakt med oss, skal lukkast med å realisere sine prosjekt. Mange draumar skal realiserast i 2021, og dei er me klar for å vere med på!
Det me dreg med oss som kanskje den viktigaste lærdomen frå 2020, er at Sognehus skal vere ei open, inkluderende og transparent bedrift. I konkurranse med hus og hytte-utbyggjarar, ser me akkurat dette som vårt store fortrinn. Hjå oss skal ein ikkje oppleve at det kjem “uventa utgifter” i prosjektet. Kundane våre får alltid gode råd og klare ord for pengane. Det er mange vegar til ei elektro-klar eller nøkkelferdig hytte eller hus. Det er mange vegar til korleis eit hus kan lande innanfor budsjett.
Me står klar til å foredle dine tankar og ynskjer, slik at draumen vert til ein realitet!