Hodlekve Panorama - UTSELD

Eit prosjekt går mot slutten

Hodlekve Panorama

Hodlekve Panorama

Byggjesteg 2, med bygg nr. 3 og 4, og 8 fritidsleiligheitar, vart ferdigstilt og overlevert til påsken 2021. Det vart nokre hektiske dagar på slutten der, men alle kjøparane kom seg på plass, og overleveringa gjekk like strålande som det nydelege påske-vèret. Prosjektet har per i dag realisert 16 av 20 fritidsleiligheitar.

I strålande påskesol, var det “sjølvsagt” fullt belegg og yrande liv i Hodlekve Panorama. For oss er det veldig kjekt å sjå at prosjektet og draumen vår, har vorte delt med so mange flott og nøgde eigarar.

Tredje, og siste, byggjesteg

Arbeidet med bygg nr. 5, som også er tredje og siste byggjesteg i Hodlekve Panorama, er allereie godt i gang. Her ventar 4 nye eigarar i spaning på å kunne ta i bruk fritidsleiligheitane sine til jul 2021. Då er Hodlekve Panorama-eventyret over for oss, men klart for at 20 nøgde eigarar skal få mange flotte år med fokus på fritida si. Det er lagt stor vekt på vedlikehaldsfrie løysingar, og Hodlekve Panorama er plassen for å berre vere! Her kan ein berre nyte naturen, nyte alle sommar- og vinter-aktivitetar, nyte kvarandre og fylle på i minnebanken sin.

Igjen lyt me få takke dei superflinke snekkarane våre, men og ei stor takk til våre solide underentreprenørar på dette prosjektet: Holen Installasjon AS, Røyrleggjar Ingmar Fimreite AS, Eilert og Edvin Holme AS!

Dette har vore eit veldig kjekt prosjekt for Sognehus AS, og me kjem med tida til å jobbe for å skape liknande prosjekt i Hodlekve.

Til alle Hodlekve Panorama-kundar:

Takk for tilliten 3 (wide).jpg

PS! Me kjem tilbake med ferske bileter frå fleire av dei nyaste leiligheitane. Følg med!