Vinci - på solkysten
Det er ikkje noko som er kjekkare enn å sjå at ein familie på to har blitt til tre, og samtidig fått realisert husdraumen sin. Med eit moderne hus og rikeleg med boltreplass, har dei rigga seg for mange kjekke år og opplevingar, i ein praktisk og flott heim. For Marianne og Torbjørn starta denne draumen då dei såg at det var ei ledig tomt i Njøsabakken på Leikanger. Me tok ein prat med dei ferske huseigarane.
Kvifor tomt og nytt hus frå Sognehus, på Leikanger?
- Me likar oss godt på Leikanger, og tykte at tomta i Njøsabakken låg utruleg fint til med tanke på avstand til sentrum og skule. Her har me mykje triveleg folk rundt oss, og eit fantastisk utsyn mot fjorden og bygda. Då me såg at tomta i Njøsabakken kom for sal, var me begge einige om at dette måtte me sjekke ut. Draumen om å byggje eige hus har alltid vore der, men mangel på tomter i bygda/kommunen gjorde at me ikkje kom nokon veg. Når moglegheita bydde seg, måtte me berre gripe sjansen, fortel paret.
Val av hustype og plassering
Marianne og Torbjørn var begge samde om at dei ynskja seg eit moderne uttykk på huset sitt, og etter ein runde i huskatalogen stod dei att med to klare favorittar. Det var hustypane Vinci og Padova det stod i mellom, og tilslutt var det planløysinga som vart den avgjerande faktoren for at Vinci-huset til slutt trekte det lengste strået. Etter at utgangspunktet var sett, so starta jobben med å tilpassa huset og planløysinga til ynskjer og tomta.
- Her hadde me mange gode rundar saman med dei tilsette på Sognehus, der me til slutt fekk landa teikningane som var perfekte for oss, seier Marianne.
- Vårt hovudfokus i denne fasen var å få til eit moderne og funksjonibelt hus, som passa til våre behov. Det første me måtte gjere var å byte om på etasjane, slik at me fekk hovudetasjen oppe, ettersom den naturlege tilkomsten var på dette planet. Vidare var det mellom anna viktig for oss med eit stort og praktisk vaskerommet, der me i tillegg kunne lage til ein grov-inngang. I frå originalteikningane slo me faktisk saman tre rom, for å etablere det me såg som eit perfekt vaskerom for oss, og so langt har me ikkje angra på dette valet. I tillegg hadde me eit ynskje om at kjøken og stovedel skulle vere separert frå kvarandre. Kjøkenet er sjølve hjarta av huset vårt, og her jobba me lengre tid med Sognehus og arkitektane deira for å finne det riktige uttrykket. Det var viktig for oss å få inn dei store vindaugene i front, og mønt himling på denne delen av huset. Med ei takhøgd på vel 5 meter, og dei store glasa utan innsyn, so kjenner me absolutt på at det var verd dei ekstra timane med planlegging. På kjøkenet får me verkeleg ei kjensle av å sitte ute. Me er også veldig nøgde med at me utvida altanen.
Byggjeprosessen
Marianne fortel at dei tok seg litt ekstra tid før byggesøknaden vart sendt inn, slik at dei var heilt sikre på at dei fekk til den optimale planløysinga. Det er ikkje alltid like lett å sjå føre seg korleis det vert ut i frå teikningar, og på eit punkt lyt ein berre følgje magekjensla si.
Frå byggeløyve låg føre, kom ein raskt i gang med bygginga.
- Byggjeprosessen har gått raskt, og me er imponerte over den faglege kompetansen til snekkarane. Me har heile vegen hatt tett dialog med snekkarane og byggjeleiar, og saman funne løysingar undervegs. Me som kundar kjenner på at me har fått teke del i heile byggjeprosessen, og er takksame for det. Det har gjort oss trygge undervegs og trygge på at sluttresultatet vart veldig bra, fortel Torbjørn.
Vidare fortel paret, at dei i utgangspunktet hadde tenkt å gjere litt eigeninnsats på dei innvendig overflatene i 1.etasje, men at dei undervegs i prosessen heller ynskja å få snekkarane til å gjere denne jobben og.
- Kjøkenet trekte me ut, og sette opp sjølv, i tillegg til nokre utvendige betongmurar. Med ein nyfødd sjef i familien so vart prioriteringa litt annleis enn me først tenkte, seier Marianne.
- Me følte heile vegen at me kunne trekke ut det me ynskja og at me fekk gjere mindre endringar undervegs. Når me ynskja at snekkarane skulle gjere noko, so sa me berre i frå, fortel Torbjørn.
Sluttresultatet
- Me brukte mykje lenger tid på planlegginga/teiknestadiet enn me først hadde tenkt. Når me begynte å teikne kom det opp mange tankar og idear som me hadde behov for å drøfte og tenkje på. Me angrar ikkje på at me brukte lenger tid på dette, då me no sit att med draumehuset. Fleire teikningar vart sendt inn mtp dei store vindauga på kjøkkenet, og dette resultatet og rommet er noko me er ekstra nøgde med, seier dei glade huseigarane.
Har de nokre tips til andre som kanskje står føre ein slik prosess?
- Bruk nok tid på teiknestadiet og planlegginga. Tenk over kva behov ein har no, men også kva ein tenkjer i framtida. Det kan vere lurt å ha med seg ein idè for kva ein ynskjer å gjere med utområdet, då det heng saman med grunnarbeidet. Det er ikkje alltid like lett å kome til med maskiner etc. når huset og støttemurar først er kome opp. Eit siste tips er å prøve å tenkje seg godt om i forhold møblering av huset, og kvar det kan vere lurt å plassere alle stikkontaktane, avsluttar paret frå solkysten på Leikanger.