Same kva yrke ein har til dagleg

Skjermbilde 1.PNG

I beste Tv2- og “Sommerhytta”-stil, kasta Marita Hagheim og Rune Barsnes seg på eit hytteprosjekt der dei gjorde alt dei kunne av innvendig arbeid sjølv. Ingen av dei er i nærleiken av handverkar-faget i sitt daglege virke, men dette resultatet viser at ein kjem langt med ein stor porsjon arbeidslyst og vilje til å lære. No etter at hytta er komen opp, og me har fått sett det endelege resultatet, er me ikkje i tvil om dei kanskje også lyt legge inn “handverkar” på CV`en sin. Me i Sognehus er litt spent på korleis arbeidet har gått, og om dei er like gode vener i dag, som før alle arbeidstimane i hytta.

5.jpg

Kvifor ny hytte, og kvifor fall valet av destinasjon på Hodlekve?

Når me først hadde bestemt oss for å skaffa oss hytte, var destinasjonen det enklaste valet. Me hadde eit ynskje om å kunne bruke hytta mykje, og då ligg Hodlekve i perfekt avstand frå heimen vår på Leikanger. Her er det snøsikkert og mange gode løyper tilrettelagt for dei som likar seg både i skibakken, på toppturar eller på langrenn. Alt på ein stad- rett utanfor hyttedøra! Det at planane for Sogndal skisenter som heilårsdestinasjon stadig veks fram ser me på som ein stor bonus med området. Me har ungar som likar seg godt på ski og som kan vera med på fjellturar i nærområdet sommarstid.

Kvifor landa de på BoligPartner/Sognehus som leverandør?

Det å velja hytte var ikkje lett. Det er alt for mykje fint å velja mellom. Me hadde mange katalogar frå ulike leverandørar heime, me var til og med på Hyttemesse på Hellerudsletta for å kunne klare å bestemme oss. Det vart mange timar i tenkeboksen. Det var spesielt ein katalog me såg gjennom meir enn andre, og det var BoligPartner sin. Me likte veldig godt den brytninga mange av hyttene har med steinfasade.

9.jpg

Me tenkte også på at det å støtta eit firma lokalt, ville gjere det lettare for oss om det var noko me lurte på undervegs eller om me ville gjere forandringar. Me fekk kome på visning på ei av hyttene til Boligpartner i Hodlekve, og det var veldig nyttig i den fasen med var i. Sognehus er særs positive og serviceinnstilte folk, som me samarbeida godt med heile vegen.

Når me ytra ynskje om å gjere det meste innvendig sjølv, kom Boligpartner med ei pakkeløysing til oss som passa oss og våre tankar for prosjektet.

Kvifor fall valet på Karakter spesial-hytta?

Valet fall på Karakter spesial, som i utgangspunktet ikkje er ei standard kataloghytte. Me fekk reise på visning i ei hytte som likna veldig på denne, og den likte me veldig godt. Me justerte ein del på teikningane av denne hytta igjen, slik at den skulle passe vårt bruk, vår tomt og ynskjer.

Me hadde lyst å byggja ei hytte til oss som familie, og ikkje ei “typisk utleigehytte”. Inngangen er originalt teikna inn bak på hyttene, men me ville ha den på framsida med overbygd inngangspartiet. Det kan (og bør helst) vera veldig snørike vintrar, og med denne løysinga så slepp me måke på alle kantar av hytta. Inne har me snudd om litt på både bad og soverom slik at dette vart tilpassa inngangen. Planløysinga er også tiltenkt at ungane kan få styre seg i eiga sone oppe, der dei har eigne soverom, bad og oppstove tilgjengeleg. Me har også ein hems som er svært godt utnytta som ved behov kan romme mange overnattingsgjester. Hemsen har jenta vår store planar for når ein får lov til å fleire på besøk etter kvart.

DJI_0878.JPG

Korleis opplever de at heile byggjeprosessen har vore?

Byggeprosessen har vore veldig grei. Det har vore gjort grundig og flott arbeid av snikkarane hjå Sognehus. Me har fått studert arbeidet dei har gjort, sidan me overtok hytta ferdig isolert eitt lag og plasta. Dette har Rune mest greie på, men når han er fornøgd med arbeidet, så stolar eg på det. Sognehus har vore innom og sett til at alt er gjort riktig og vurdert ting med oss undervegs. Me tykjer det har vore godt å kunne ha eit byggefirma så tilgjengeleg, engasjert og deltakande i prosessen. Dette er ei stor investering for ein familie, så difor er det viktig at ting blir fulgt opp, noko me har vore fornøgd med.

Korleis har det vore å gjere så mykje eigeninnsats på hytta?

Me overtok hytta ferdig isolert og plasta, og det har vore mange timar med eigeninnsats på hytta. Rune har naturleg nok fleste timar med hammar og sag, men eg har og vore med på mykje og læringskurva har vore bratt. Å kombinere full jobb, der eg er lærar og Rune er servicemarkedsjef i Frydenbø, i tillegg til å bygge ei hytte har det unekteleg teke mykje av både tid og krefter. For å komma i hamn har me brukt så og sei dei fleste ettermiddagar, kveldar og feriar. Ingen av oss har snikkarutdanning, men me har klart å fått dette til likevel!

Når pandemien kom for fullt og landet stengte ned, fekk Rune litt ekstra tid på fritida sidan han ikkje kunne vere med å trene fotballaget som yngste jenta er med på. Heldigvis har Rune mykje erfaring frå oppveksten sin på gard, der han han no haustar frå erfaringane der. Nokre ting har me og lært oss undervegs. Alle fagområder som krev godkjenning (elektro, røyr og våtrom), har me hatt med oss underentreprenørar som alle har gjort ein strålande jobb. Me er veldig godt nøgde med sluttresultatet!

Når me endeleg såg enden på alt arbeidet, og julefreden kunne senke seg i vår splitter nye hytte, var det mest som at alle arbeidstimane var gløymt. Det var ei herleg kjensle når me endeleg kunne ta i bruk hytta, overnatte, og ikkje tenke på alt som skulle gjerast når me vakna att.

2.jpg

Me er veldig glade for at me brukte god tid på teikningane og fekk gjort endringar undervegs. Me reiste heim, tenkte litt og kanskje dukka det opp ein ny idè som me likte. Då var det godt å ha eit lokalt firma som var tilgjengelege og positive.

Når me ville bygge ny hytte, var me opptekne å få stilen annleis enn det me har heime. Det skulle vere ei fjellhytte og me har heile vegen vore veldig enig i korleis det skulle sjå ut. Når me kom til møbleringa, innkjøp av møblar og interiør, fekk naturleg nok ikkje Rune delta i like stor grad ;-)

No står uteområde for tur der me lagar til ein natursteinsmur og skal vidare planlegga for litt uteplass. Litt småting står att inne og, men det å ha ein god plan og ta seg god tid har vore viktig.

Det har vore godt å kunna leva i «hyttebobla» nokre månadar, så no er vi klare til litt arbeid att, både ute og inne.

Har de nokon gode tips til andre som skal byggje nytt?

Då må det vera at ein brukar god tid på teikningar og planløysingar, slik at ein får det slik som ein ynskjer. Det å bruka eit lokalt firma har og vore gull verd for oss, der me har kunna fått god hjelp og me har kunna rådført oss med erfarne folk. Høyr gjerne om du kan få komma å sjå på ei hytte som du likar eller ser føre deg. Det er lettare enn å sjå det på eit papir. Det har nok gått med nokre kroner i ulike hyttemagasin for å få idear. På Instagram er det også mykje flott inspirasjon å henta.

For meir bileter frå hytta til Marita og Rune, sjå Instagram-profilen







Skjermbilde 2.PNG

For oss i Sognehus har det har vore ei sann glede å følgje reisa frå dei første ideane, til det ferdige sluttresultat. Rune og Marita er ikkje åleine om å trekke ut deler av arbeidet på eit prosjekt, men sjeldan har me sett ein slik innsats og finsnekring frå ufaglærde. Stor applaus til dykk!

Med litt erfaring og god porsjon pågangsmot so kan alle få til flotte resultat. Me trur imidlertid at de desverre har diskvalifisert dykk for neste sesong av “Sommerhytta” på Tv2, men det er kanskje ikkje so nøye.

Gratulerar so mykje med ny hytte, eit strålande samarbeid, og storarta eigeninnsats!

Heretter kan de berre nyte og sanke gode minner!