Toscana eller Balestrand
På ei perle av ei tomt i Balestrand, står ei perle av eit hus i frå BoligPartner. Tomta ligg langt frå den vakre regionen Toscana i Italia, men me er forholdsvis sikre på at utsikta frå denne tomta hadde teke pusten frå dei fleste italienarar. Tomta var ein utfordrande og gløymd skatt frå eit eldre bustadfelt, som ingen tidligare heilt hadde teke sjansen på. Eli og Jostein såg moglegheitane her, og greip sjansen.
Like før jul, tok me ein prat med det ferske huseigarane.
Kvifor nytt hus og kvifor destinasjonen Balestrand
Sia vi flytta til Balestrand har vi vert på leit etter eit oppussingsobjekt, men når vi blei tipsa om denne tomta i Balalii bestemte vi oss for å bygge eit heilt nytt hus i staden. Jostein har alltid hatt lyst til å flytte heim igjen. Vi budde ein periode i Bergen og i Vik, men når moglegheiten bydde seg til å flytte heim igjen til Balestrand tok vi den.
Kvifor landa de på BoligPartner/Sognehus som dykkar hus-leverandør?
Vi fekk tilsendt katalogar frå fleire leverandørar, men likte veldig godt det vi såg i katalogen frå Boligpartner/Sognehus. Vi var litt usikre på kva type hus vi skulle gå for med tanke på tomta, men etter ei synfaring i eit anna Tosocana-hus forsvann all tvil. I det følgjande hadde vi fleire gode og konstruktive møter med Boligpartner/Sognehus, der vi gjekk i detaljar for korleis huset kunne plasserast og til slutt resultere i vår draum. Det var ein lang og spennande prosess! Vi hugsar godt at vi sat på Hotel Alexandra i Loen når vi fekk oversendt kontrakten for signering. Ein fin plass for både signering og feiring.
Kvifor fall valet på hustypen Toscana?
Vi hadde eigentlig landa litt på hustypen Aragona, men på bakgrunn av det ulendte terrenget på tomta vår, fann me etterkvart ut at det var hustypen Toscana som best kunne rettferdiggjere den brattlendte tomta.
Korleis opplever de at byggjeprosessen har vore?
Byggeprosessen har vert spennande og lang, med nokre utfordringar undervegs. Vi kjenner verkeleg på at Sognehus har stått på for at husdraumen vår skulle bli ein realitet. Med godt samarbeid gjennom heile prosessen, har utfordringane som oppstod undervegs vorte løyst. Vi er veldig tilfreds med samarbeidet vi har hatt med Sognehus.
Er de nøgd med sluttresultatet?
Vi føler at vi fekk brukt god tid på å planlegge korleis vi ville ha huset utforma både innvendig og utvendig. For oss som aldri har bygd hus før blei me litt overraska over kor mykje ned i detaljane ein må gå. Det er sikkert alltid ting ein kan gjer annleis i ein slik prosess, men i det store og det heile er vi veldig nøgd med prosessen og resultatet.
Slik huset Toscana er utforma med fire halve etasjar er dette ei planløysing som passar fint til ein liten familie. Vi falt for den åpne sosiale løysninga mellom stove og kjøkken, og at vi i tillegg fekk ein etterlengta grovinngang og stort vaskerom.
Har de nokre tips til andre som skal byggje nytt?
Riktig hus til riktig tomt! Huset vi opprinnelig såg på egna seg ikkje for tomta vi valgte. Vi ser no av resultatet kor viktig dette faktisk er. Ting tek tid. Med utfordringar undervegs vil eit slikt stort prosjekt ta lengre tid enn kva ein håpar på. Viktig med god dialog med byggjeleiar under heile byggjeprosessen.
Me i Sognehus ynskjer å rette ei stor takk for tilliten, og forstrålande samarbeid undervegs i byggjeprosessen!
Nyt utsikta, huset og julefeiring i nytt hus.