Det enkle - er ofte det beste!

“Frå gravemaskina kom til gards, til huset var overlevert oss, tok det nøyaktig 4 månadar. Om ein legg til at det var avvikling av sommarferie i same tidsrom, so er dette ei byggjetid som vitnar om særs god struktur, samarbeid og flinke snikkarar. Me kunne verkeleg ikkje vore meir nøgde med heile prosessen og det endelege sluttresultatet”

- Bente og Frode Lindborg -

21. august 2020 fekk Bente og Frode Lindborg ta i bruk huset sitt på Lindborg(Fimreite). Dei har bygd seg eit moderne, veldig praktisk og fint hus på eitt plan. Dei har teke utgangspunkt i katalogmodellen Borgheim, og gjort sine velvalde justeringar.

Me tok sjølvsagt ein prat med dei glade eigarane på overleveringa.

Frå tanke til handling

Planløysing

Ein dag kom Frode forbi oss på kontoret i Sogndal. Han var innom i arbeids-ærend, men denne gongen hadde han noko betre tid enn vanleg. Frode kunne fortelje at han vurderte å byggje seg nytt hus, ettersom han hadde overteke barndomsheimen og småbruket på Lindborg, men at det var eit stykje fram i tid. Dei hadde eit hus som måtte selgjast, og det var ein del spørsmål knytt til å bygge nytt på småbruket på Lindborg. Huskatalog og prisliste vart sendt med han, og at me på kontoret skulle halde augene opne for potensielle huskjøparar.

“Måten de møtte Frode på første gongen han var innom for å henta huskatalog, var nok ei bra utfall på valget som vart gjort. De synte ein fantastisk kundeservice. De ville også hjelpa å selja huset vårt på Nornes, og synte stor interesse for oss som kundar, ved å vidareformidle til folk som var på jakt etter brukt bustad. Det vil me seie er å strekka seg langt“

Ti minuttar etter at Frode hadde forlete kontoret, fekk me på nytt besøk av eit ungt par. Dei var på utkikk etter sin første bustad, og me linka potensiell kjøpar og selgjar saman. Det enda ikkje med salg her, men det enda med at Frode og familien allereie hadde hatt si første visning. Det vart ikkje mange visningane før boda tikka inn, og huset vart seld.

“Då me bestemte oss for å flytta til Lindborg, måtte me ta eit val om å pusse opp det gamle huset, eller å bygga nytt. Me bestemte oss for å bygga nytt var ei god løysing for oss. Me vil også renovere det gamle huset etter kvart, slik at sonen vår etter kvart kan bu der”

Hinderløype, fram til start

“Søknadsprosessen på byggjeløyve vart ei skikkeleg berg og dalbane for oss, men med La-Bim AS og Sognehus AS på laget, og deira kompetanse, var lukka stor då byggeløyvet endeleg kom. Utan denne hjelpa hadde det nok ikkje stått eit nytt hus på Lindborg i dag“

Parallelt med salsprosessen av det gamle huset, gjekk prosessen med å få løyve til å bygge nytt hus. Fleire etatar hadde innvendingar til prosjektet. Etter fleire førehandskonferansar og synfaringar, geolograpport og fartsmåling på vegen, vart floka løyst.

Fire månadar, på skjener

“Ettersom me har budd på byggeplassen, vart me ekstra godt kjende med snekkarane. Me har lyst til å takke dei for utruleg flott og godt utført arbeid, samarbeid og det sosiale samvèret me har hatt. Me kjem faktisk til å sakne dei”

Etter ein lengre prosess, med fleire “skjèr i sjøen”, fekk familien endeleg klarsignal til å starte opp med det som er synleg. Huset stammar frå katalogmodellen Borgheim, som i utgangspunktet er eit forholdsvis tradisjonelt hus. Familien Lindborg ynskja seg eit litt meir moderne uttrykk, og sette difor inn store glas i stove/kjøken og endra til ståande panel på ytterveggar. I tillegg valde dei også å lage ein stor overbygd uteplass, inngjerda med glasrekkverk. Desse grepa set sitt preg på huset og inviterar fjorden og den flotte utsikta rett heim. I tillegg ynskja dei seg eit praktisk hus med alt på eitt plan, tre soverom og vaskerom.

“Byggeprosessen har gått på skjener. Tre dagar etter byggeløyvet vart gitt, var gravemaskina frå FS Anlegg på staden. I ei tid med korona og usikkerheit, gjekk dagane og prosessen sin gang på vesle Lindborg. Jobbar kunne haldast i gang, og vi var heldige med været. Det kom ikkje regndråpen før etter huset var tett.

Det har vore ei sann glede for oss i Sognehus, saman med våre faste samarbeidspartnarar, og samarbeide med dykk for å finne dei beste løysingane for dykkar heim. Det er godt at Frode framleis kjem forbi med jamne mellomrom, slik at me får oppdateringar frå livet Lindborg!

Me takkar for tilliten, og ynskjer dykk til lukke med ny einebustad!

Sjå fleire bileter i frå byggjeprosessen her:


AktueltGeir-Erik Røysi