Trient - eit lite stykke eventyr ved Sognefjorden

Det er alltid kjekt å kunne medverke til at våre kundar får realisert sine husdraumar, og i dette tilfellet har det vore ekstra kjekt å kunne følgje med på val som er tekne undervegs, og no til slutt få presentert bileter av eit tilnærma ferdig hus. Corona-krisa har medverka til mindre innhald i huset enn paret kunne tenkt seg, men det er herskar ingen tvil om at Sandra Hansen Melås og Tommy Solheim har skapt seg ei heilt unik perle av eit hus på Leikanger.

Fin utsikt frå etestova

Fin utsikt frå etestova

Tanken om ny einebustad formar seg

Kundetilpassa Treint på Leikanger

Kundetilpassa Treint på Leikanger

Tommy fortel at dei alltid har hatt ein draum om å byggje seg heilt nytt hus, og etter nokre gode år og mange timar med renovering på huset deira i Gaupne, tok dei kontakt med dagleg leiar i Sognehus, Terje Thorsnes, for å undersøke kva Boligpartner kunne tilby. Etter mange år i service-yrket som røyrleggjar har Tommy sett utallige løysingar og idear som folk har rundt omkring i husa sine. Denne idèbanken kokte under dette prosjektet ned til det som og vart sluttresultatet. - “Eg har tenkt mest på det praktiske ved huset, medan Sandra har eit godt auga for det estetiske. Slik sett har me utfylt kvarandre godt i planlegginga og gjennomføringa av huset”, seier Tommy og Sandra.

Samstemt par

Då me sat og bladde i BoligPartner-katalogen, og kom fram til sida med Trient-huset på, kom det spontant og samtidig frå begge to: Dette var eit knallfint hus!” fortel Sandra.

Det finst ei lita Boligpartner-grend på Kaupanger(Hovland), der eit godt utval av ulike BoligPartner-hus er representert. Terje Thorsnes er ein del av denne grenda, og inviterte paret like godt på visning i sitt eige hus, slik at paret kunne danne seg eit overblikk på kva som var mogeleg å få til i regi av BoligPartner/Sognehus. Huset til Aina og Terje fall regelrett i god jord, og “me fann raskt ut at Quadra-serien til BoligPartner var noko som kunne passe godt inn på tomta vår og”, fortel Sandra.

Tett dialog

Etter ein god dialog med Terje og boligkonsulenten i firmaet var me overbeviste om at Trient var det rette huset for oss og me kom raskt i gong med planlegging og det å få inn våre ynskjer og endringar. Me har heile vegen vore utruleg fornøgde med den tette dialogen mellom oss, kundekonsulenten i Sognehus og arkitektane til Boligpartner. Dette ser me som heilt avgjerande for at sluttresultatet vart akkurat slik vi hadde håpa på. Etter litt fram og tilbake med skisser og planteikningar hadde me alt klart, og me var veldig spente på om me skulle få godkjend søknaden av kommunen. Leikanger Kommune var særs imøtekomande og  svært positive til at yngre mennesker ynsker å busetje seg her i kommunen” fortel Sandra og Tommy.

Berre nokre dagar etter at søknaden var godkjend byrja dei på grunnarbeidet på tomta, og draumen var i ferd med å materialisere seg.

Utsikt over Sognefjorden

Utsikt over Sognefjorden

God byggjeprosess

Byggjeprosessen har gått over all forventning. Me er veldig imponerte over dei tilsette i Sognehus. Me har hatt ein god dialog heile vegen og der me har møtt på utfordringar har me saman funne gode løysningar raskt. Det vart litt ekstra ventetid på dei store vindauga som me bestilte då det eine store vindauget vart skada under transport. Derfor måtte me endre framdriftsplanen litt, men det stoppa ikkje framgongen av husbygginga. Ekstra spennande var det då vindauga kom og det måtte ein mobilkrane til for å krane dei på plass pga vekt og rekkevidde. Heldigvis gjekk dette fint…”, seier Tommy.

Gjennomtenkt planløysing

Paret fortel vidare:

Først og fremst hadde huset ein veldig fin utsjånad og det passa perfekt inn på tomta vår. Men me har også gjort store endringar både ut- og innvendig. Innvendig har me endra planteikning der me har satsa på opne løysningar, store opphaldsrom og ulike soner. I hovudetasjen er det gjesteinngang, grovinngang/vaskerom, kjøkken, stove, samt gjesterom og gjestebad. I underetasjen har me stove, 3 soverom, hovudbad i tilknytning til walk-in og master-bedroom. I tillegg har me vaskerom og stor bod. Utvendig har me endra frå flatt tak til 3 graders takvinkel og utstikk. Me fekk inn 4 meter breie vindauger i midten av huset for å utnytte utsikten utover fjorden maksimalt. No opnar me inngangsdøra til huset og ser rett ut på fjorden. Me valgte også å bygga tett balkong slik at utemøblar og diverse kan stå tørt året rundt”

For å spare plass på tomta har paret gjort nokre smarte grep. Ved å plassere garasjen vegg i vegg med huset har dei “spart” seg nokre kvadrat. Samtidig har dei skapt seg ein veldig praktisk grovinngang direkte i frå garasjen og inn på vaskerommet, som vidare leiar dei rett inn på kjøkenet. Dette er praktisk med tanke på både ungar og matvarer som då ikkje treng passere hovudinngangen på huset. “I tillegg valgte me å sprenge ut full kjellar under garasjen, slik at me har rikeleg med tilgjengeleg areal for evt. eit treningsrom på 45 m2”, fortel det spreke paret.

Trient Spesial Leikanger Interiør 4 (trapp).jpg

Vaknar til lune golv, og lyden av bølgjeskvulp

Det var ingen problem å trekke ut det me sjølv ynskja å gjere som eigeninnsats på huset” seier Sandra. Ettersom Tommy sjølv er røyrleggjar av yrke, so hadde han naturleg nok også klare tankar og god kontroll på dette området sjølv. I huset er det vassboren varme i alle golv, og gjennomførte detaljar på alt som har med VVS å gjere. Paret understrekar at vassboren varme-systemet som er i huset, absolutt er verd sin pris. “Dette er noko me er godt nøgde med, og særs glad for at me prioriterte. Det å ha ein lun varme i alle golv, er noko me ikkje ville vore forutan”

No har paret budd i huset i nærare 4 månadar og dei kan rapportere om umiddelbar høg trivselsfaktor: “Det er heilt fantastisk å våkne opp til lyden av bølgjene og med den utsikta som me har. Huset er så bra som me hadde håpa at det skulle bli. I sommar er planen å måla dei store søylene og verandaen. Så skal me få på plass murpuss under kledningen ved inngongspartiet og rundt på begge sider av huset. Måla vidare er å lage ein stor platting nede, ei steintrapp ned på begge sider, parkering bak garasjen og til slutt skal me senke nivået på innkjøringa, slik at alt blir på same nivå før me asfalterar. Me har valgt, og tenkjer heile tida på at huset skal ha mest mogeleg vedlikehaldsfrie løysingar, slik at me kan prioritere fritida vår til anna enn vedlikehalds-jobb. I tillegg trur me ganske sikkert og at det er god økonomi å gjere det slik”.

Har de nokre tips til andre som tenkjer på å byggje nytt?

Tv-stove

Tv-stove

Det viktigaste tipset vårt er at ein lyt gjere eit iherdig forsøk på å setje seg inn i noverande og framtidige behov. Det kan også være lurt å tenke gjennom kva ein ynskjer gjere med uteområdet. Det å førestille seg korleis ein ynskjer møblane plassert i høve plassering av straumpunkt. Eit anna godt tips er dette med grov-inngang/vaskerom der ein kan vaske arbeidsklær og uteklær osv, medan vaskerommet nede er i nær tilknytning til garderobe og walk-in-closet. Tenk vedlikehaldsfritt og tidlaust, og del gjerne huset opp i ulike soner”, avsluttar Sandra og Tommy. 

Me i Sognehus ynskjer å benytte høvet til å takke so mykje for det spananade oppdraget, samarbeidet, og ynskjer dykk masse lykke til med opphaldet i heilt fantastiks hus! Gratulerar med hus, og gratulerar so mykje som familie på 3!